Alle blomane er dyrka på småbruket vårt, med stor omsorg for natur og dyreliv rundt oss. Stilen er naturleg, vilter og kanskje litt rufsete i kantane – her er det sesongane som får bestemme kva materiale som er tilgjengeleg til ei kvar tid. Me legg stor vekt på bærekraft, og brukar ingen giftige sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Me prøver å ta så miljøvenlege val som mogleg heile vegen, både når det gjeld materialbruk, emballasje og transport. Blomedyrkinga er økologisk godkjent (Debionr. 38313).

Eg som driv Dalahagen heiter Elisa Kolle, og eg bur på eit småbruk i Nore Fusa i lag med familien min, eit par kattar og ein hønseflokk. Eg har dyrka blomar sidan eg var ei småjente. Først på ein liten flekk i foreldra mine sin hage, seinare på balkong og i parsellhage då eg var student i byen, før eg endeleg fekk eigen hage i 2007. Der fekk dyrkingsinteressa verkeleg fart på seg, og då me flytta til småbruket vårt i 2015 var det ingenting som sto imellom meg og draumen min om å dyrke snittblomar for sal… bortsett frå tung, våt myrjord som blir oversvømt ved det minste regnskyll, sultne hjortar som gjerne beitar på tulipanknoppar, sterke vindar som legg plantene flate på eit blunk. Og slik kan eg halde det gåande. Sakte men sikkert har me jobba med jordforbetring, satt opp hjortegjerde og planta lehekkar, gravd dreneringsgrøfter og satt opp drivhus. Og blomsteråkeren blir meir og meir produktiv for kvar sesong.

Eg har blomar for sal frå april til oktober, og kva eg har tilgjengeleg vil til ei kvar tid vere avhengig av sesongen. Du kan kjøpe bukettar til dei store anledningane eller berre ein vanleg fredagsbukett, eg har blomsterabonnement med lokal levering annakvar helg, og eg sel blomar gjennom REKO-ringane i Bergensområdet. Ta kontakt om du har spørsmål eller ønske så prøver eg gjerne å hjelpe!

Kontakt

Om du har spørsmål kan du ta kontakt på e-post elisa@dalahagen.no eller tlf. 90203017.

Om du vil følgje med på det som blømer i Dalahagen frå dag til dag, er du velkomen til å følgje med på facebook og instagram.

Vil du få tilsendt nytt frå Dalahagen rett til innboksen din ein gong i blant? Bilder og ord knytt til sesongane, kanskje nokre råd om dyrking eller dekorasjonar, og elles det som måtte vere aktuelt. Håpar du vil henge med, meld deg på her!