Gåvekort og blomeabonnement for vinter og vår finn du her

Velkomen til Dalahagen! Her kan du få nydelege, doggfriske blomsterbukettar til både kvardag og fest. Blomesesongen varar frå april til oktober, og alt er dyrka økologisk i den vesle åkeren vår. Eg held også dyrkingskurs om våren, blomebindingskurs om sommaren og kransekurs om haust/vinter. I drivhuset har eg utsalg i sesongen, med småplanter, sommarblomar, stauder, krukker, og mykje anna. Opningstidene er litt variable, men har stort sett ope fredagar og laurdagar. Det blir kunngjort undervegs på sosiale medier, ta eventuelt kontakt om du vil kome innom. Meir informasjon finn du menyen, og ta gjerne kontakt om du har spørsmål! 

Kvifor økologiske blomster? Eg vil unngå bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel som kan skade mikroliv, insektliv og dyreliv i jorda og rundt oss elles. Eg vil at blomane mine skal vere trygge å håndtere, stikke nasen nedi for å snuse inn duften eller kanskje til og med smake på. Sidan dei ikkje treng å fraktast over lange avstander eller dyrkast i store, oppvarma drivhusanlegg har dei eit minimalt klimaavtrykk og dessutan kan eg dyrke masse spennande sorter som ikkje tåler slik transport. Økologiske, lokladyrka blomster gir dermed rein samvittigheit og eit heilt spesielt estetisk uttrykk!

Økologiske blomster, kortreiste blomster, lokale blomster, bukettkurs, blomsterbindingskurs, gårdsblomster