Stikkord: framside

Kjøpe blomar

Kjøpe blomar

Eg har blomar for sal frå april til oktober, og kva eg har tilgjengeleg vil til ei kvar tid vere avhengig av sesongen. Du kan kjøpe bukettar til dei store anledningane eller berre ein vanleg fredagsbukett, eg har blomsterabonnement med lokal levering annakvar helg. Elles 

Om Dalahagen

Om Dalahagen

Alle blomane er dyrka på småbruket vårt, med stor omsorg for natur og dyreliv rundt oss. Stilen er naturleg, vilter og kanskje litt rufsete i kantane – her er det sesongane som får bestemme kva materiale som er tilgjengeleg til ei kvar tid. Me legg 

Bryllupsblomar

Bryllupsblomar

Går du med gifteplaner? Er du opptatt av bærekraft? Likar du ein litt vilter og naturleg stil? Då er kanskje Dalahagen noko for deg. Eg kan tilby blomar i ulike variantar, enten du vil ha full pakke eller du vil kjøpe blomar som du kan setje saman sjølv. Kikk på bilda under for å sjå kva eg har gjort før, les litt om ulike prisar nederst på sida og ta gjerne kontakt for meir info! Foto øverst: Inger Paulsen




Døme på prisar:

Brudebukett: frå 1500,- til 2500,-
Knapphullsblomst: 200,-
Hårkrans til voksen: frå 500,- til 800,-
Hårkrans til barn: frå 300,- til 500,-
Borddekor: vil variere etter storleik og mengde, det kan vere småvaser med lave blomar eller meir formelle oppsatser.

Det er også mulig å kjøpe blomar i bøtte slik at du sjølv kan lage dekorasjonar slik du vil. Ei slik bøtte vil innehalde variert materiale etter sesong, både blomar, fyllblomar og pyntegrønt. Ei bøtte kostar 1200,- og innheld minst 70 stilkar av ulikt slag. Du kan sjølvsagt kome med ønske om spesielle blomar og/eller fargar, så plukkar eg inn det som passar med ønska. Under ser du kva innhald ei slik bøtte kan ha.