Vårkurs, snittblomdyrking 5. april
kr1,000.00
Har du ein drøm om å dyrke eigne blomar til bukettar og oppsatser? Her har du sjansen til å lære korleis du skal planlegge, dyrke og hauste frå din eigen blomehage, og du reiser heim med ein god startpakke med planter så du har rikeleg med blomar heile sommaren og hausten.
På lager
Beskrivelse
Velkomen til ein dag med full fordjuping i snittblomdyrkingas gleder! Kurset har ein teoridel og ein praktisk del.
Teori:
- Planlegging: Me ser på spørsmål knytt til plassering og utforming av snittblombed. Som til dømes: Kva slags ulike typar planter treng du? Korleis skal du strekke blomstringa utover sesongen? Kva er gode sorter til snitt? Kor mange planter treng du?
- Dyrking: Kva må til for å få godt utbyte av dyrkinga? Forarbeid i hagen, gjødsling, såteknikkar, prikling, utplanting, topping, plantestøtte, skadedyr- og ugraskontroll, ulike typer jorddekke. Fokus er på drift og teknikkar der me jobbar på lag med livet i jorda. Her tar me også ein runde i åkeren for å sjå noko av teorien omsatt i praksis.
- Hausting: Få det beste ut av blomane dine! Finn riktig haustetidspunkt, lær teknikkar for å hauste, behandle og oppbevare ulike snittblomar, korleis sette ulike element saman til ein bukett eller oppsats, korleis få best levetid ut av buketten din.
Praktisk del:
No skal du få teste det du lærte om såing og prikling i teoridelen. Alle deltakarar får kvar sitt pluggbrett av god kvalitet som held i åresvis. Det er 96 pluggar i brettet, som skal fyllast med frø og småplanter. Eg har gjort eit utval her slik at du får ein startpakke med mange ulike typar eittårige snittblomar som kompletterar kvarandre. Du får sjølv så og prikle til brettet er fylt, dermed har du nesten eit hundretals planter til hagen din når det er tid for utplanting i mai.
Kurset varar i fire timar (11-15), enkel servering inkludert. Me held til i den gamle stova i huset vårt som no er blomeverkstad for teoribiten, og i drivhuset for den praktiske biten. Det blir også mogleg å ta ein rask runde i hagen sjølv om det ikkje er mykje å sjå enno, så kle deg etter forholda!
Dette seier tidlegare deltakarar om kurset:
Elisa ausar av si erfaring og kunnskap om blomedyrking (og etter ein dags kurs kan du mykje mer!) Inspirerande og lærerikt. – Lisbeth
Eg syns det var eit veldig bra kurs på alle måter! Stemningsfullt rom og hus, god kunnskapsformidling. Ekstra godt med lokale boller og at vi fikk dyrkingsbrett og spirer med i prisen. Lærte masse. Passe størrelse på gruppa og. – Heidi
Du la opp kurset på ein måte som gjer at eg har tru på at eg kan få det til. Den praktiske delen med prikling og såing, og at me fekk ferdig sådd pluggbrett med oss heim, forplikter meg til å følge opp. Eg har fått meg ein ny hobby! – Helen
Det var et interessant kurs, og det var veldig godt lagt opp med både teori og praksis. Jeg syns du er en god formidler som var behagelig å høre på. Og ikke minst, for en luksus å kunne stille spørsmål til noen som sitter på så mye kunnskap. Det var også en unik mulighet å få teste mange ulike typer sommerblomster, og pluggbrettet falt veldig i smak. Og så var det også et koselig sted å ha kurset! – Malin