Kurs i poding av frukttre
kr1,200.00
Grete frå Gulen Gartneri kjem til Dalahagen for å halde podekurs!
På lager
Beskrivelse
Me begynner med litt teori om kvifor ein velger å pode, kva som er viktig å tenke på, og kva som i det heile tatt kan podast.
Mesteparten av kurstida øver me oss på å spikke identiske snitt. Til slutt, når me har mestra å lage nok like snitt, poder me 2 frukttre som pottast opp og tas med heim til odel og eige.
Du kan velge i eit utvalg fruktsortar som egner seg å dyrke på vestlandet.
Du får:
- Kunnskap
- 3 frukttre
- Liten boks med voks
Det er fare for å snitte seg i klærne, og me skal håndtere jord, så ta på deg klær og sko du ikkje er redd for skal bli skitne eller ødelagt.
Passer for alle over 16 år med relativt godt syn, og førlighet i hendene.
PS! Dersom du ikkje har egna plass å lagre frukttrea på mens dei veks seg sammen fram til sommaren, kan me ta vare på plantene, mot eit lite tillegg for ekstra tidsforbruk med stell og vatning. Det er også mulig å kjøpe fleire grunnstammar og podekvist til å fortsette heime. Gi i tilfelle beskjed på forhånd, slik at me tar med nok til deg.
Pris: 1200,- per pers (1000,- for medlemmer i Økologisk Norge, ta kontakt for rabattkode)
Tidspunkt: 12 – 14:30, søndag 16. mars 2025.
Stad: Dalahagen, Dalevegen 147, Holmefjord
Grete Overdevest er utdanna gartnar, og har tatt over familiebedrifta i Gulen. Der produserast eit breitt utval økologiske grønsaker, blomar, pyntegrønt og anna.