Kurs i bukettbinding, 17 juni

kr600.00

Lær korleis du kan sette saman ein frodig og vilter hagebukett med blomar henta rett frå åkeren i Dalahagen! Du får boltre deg i junihagen med yndige forsommarblomar av mange slag. Ranunklar, anemoner, levkøy og mykje anna fint burde stå i fullt flor denne dagen. 

På lager

Kategori:

Beskrivelse

På dette kurset får du ei kort innføring i spiralteknikken for å binde bukettar, du lærer om ulike element i buketten som saman gir ein fyldig og spennande bukett, og du får innblikk i korleis du skal hauste ulike typar blomar og behandle dei for best mogleg levetid i vasen. Så får du binde din eigen bukett, av blomar dyrka på økologisk vis her i Dalahagen. Noko har eg plukka inn på forhånd, og andre ting kan du gå og hauste sjølv i åkeren. På denne tida er det så mykje fint som blomstrar i alle slags fargar og former, så her blir det ein heil del å velge mellom! Me held til i drivhuset, eller ute under open himmel om veret er bra. Kurset finn stad ein tirsdag kveld, me startar kl. 18 og held på til 20. Og buketten får du sjølvsagt med deg heim!

Du får servert kaffi/te og noko attåt inkludert i prisen. Tidsbestemte kurs er ikkje omfatta av angrefristen, dersom det viser seg at du ikkje kan komme på kurset likevel står du fritt til å selge plassen vidare eller gi den vekk.