Kransekurs, 24. november

kr800.00

Lær å binde din eigen, vakre krans som kan pynte opp heimen i advents- og juletida!

På lager

Kategori:

Beskrivelse

Velkomen til kranseverkstad søndag 24. november kl. 13! Eg pyntar drivhuset til vintersesongen, set på varme og tenner lys, og lagar ei triveleg ramme for ei stund der me så smått kan byrje kjenne på julestemninga. Eg viser og fortel korleis du går fram for å binde ein frodig, grøn krans i varierte materialer som du kan henge på utedøra. Det blir gran, einer og furu her frå området, men også meir eksklusivt pyntegrønt som vokstuja, buksbom, sypress, kristtorn og cryptomeria som er dyrka her i regionen. Me brukar kongler, band og naturmaterialer til å pynte kransane. Metodane er enkle nok til at alle kan få det til, eg rettleier sjølvsagt grundig undervegs.
 
Prisen er 800,- og alt av materialer og verktøy er inkludert. Det blir også enkel servering av varm drikke og noko å bite i. Eg har varme på i drivhuset men det vil nok vere litt kjølig likevel så kle deg gjerne godt. Me held på frå kl. 13 og til omlag 15.30. Eg satsar på at dei blir ei koseleg stund med ro i sjela, julemusikk i øyrene og hyggeleg prat rundt bordet! 
 
Tidsbestemte kurs er unntatt angrefristlova, og kan diverre ikkje refunderast. Men du står fritt til å gi eller selje plassen vidare dersom det ikkje passar for deg likevel.