Beskrivelse
Tid: Torsdag 5. mars kl. 18-20
Stad: Dalsøyra samfunnshus
Kveldens program:
Dahliaens kulturhistorie – ei reise i tid og rom
Eit keiserrikes undergang, eit glemt manuskript i Vatikanbiblioteket, ei opprørsk engelsk adelskvinne, ei stormande kjærleikshistorie, rivaliserande botanikarar og skyhøge dusørar – dette er berre noko av det me skal få høyre om mens me følgjer dahliaens ferd inn i hagane våre.
Dyrking og stell
Me går heile vegen frå å vekke opp knollane om våren, til driving og utplanting, stell gjennom sesongen samt oppgraving og lagring av knollane om haust og vinter. Me ser også litt på bruk av blomane i dekorasjonar og bukettar.
Kort presentasjon av ulike sortar me har for salg. Dette er sortar me sjølve skal ha i vår egen drift, det er hovudsakeleg høge sortar som er egna som snittblomar. Det blir både knollar og stiklingar/småplanter til sals. Alt er dyrka fram hos Gulen Gartneri.
Undervegs tar me ein pause der det blir servert kaffi/te og noko å bite i.
OBS: du får ingen fysisk billett, men navnet ditt havnar på ei gjesteliste når du kjøper billetten. Kjøper du til fleire personar? Skriv gjerne inn namn i kommentarfeltet når du bestiller.
Arrangørar:
Elisa Kolle har hovudfag i kulturvitskap og interesserer seg spesielt for plantenes kulturhistorie. Har jobba mykje innan formidling og undervisning, sidan 2018 har ho drive Dalahagen der ho produserer snittblomster for salg.
Grete Overdevest er gartnar og driv familiebedrifta Gulen Gartneri, som produserer både grønsaker, honning, blomar og pyntegrønt til vinterens kransar og dekorasjonar.










