Beskrivelse
Blomeabbonement gjennom året! Her kjem du tett på sesongane i åkeren gjennom ein bukett for kvar årstid – vår, sommar og haust. Eg hentar fram det finaste hagen har å by på for kvar gong, frå dei første tulipanene og narsissene om våren, til eit mangfold av sommarblomar og fram til hausten faegesprakande georginer og solsikker.
Eg set opp eit forslag til leveringsdatoar når våren er i anmarsj. Blomane kan hentast i Dalahagen, eller du kan få dei levert lokalt i området rundt Holmefjord-Eikelandsosen-Holdhus, mot eit tillegg. Velg «Hente sjølv» eller «Lokal levering» når du legg varen i handlekorga.
Vil du gi vekk eit blomeabonnement i gåve? Eg kan lage til eit digitalt gåvekort som du kan sende til den som skal få det. Oppgi i så fall kven det er til og kven som skal gi gåva i kommentarfeltet i kassa, og då må eg også ha adresse/telefonnummer/e-post til den som skal ha blomane levert.








