Handverkseddik

Handverkseddik

I tillegg til blomedyrking driv Dalahagen med produksjon av handverkseddik, basert på lokale råvarer som frukt, bær og honning. Eddiken blir brygga frå grunnen av, gjennom ein dobbel fermenteringsprosess og påfølgjande lagring. Eddikproduksjonen kom til som eit forsøk på å utnytte urter og spiselige blomar frå åkeren også utanom dyrkingssesongen. Då me oppdaga at det er ytterst få som brygger eddik frå grunnen av her i landet byrja me å eksperimentere sjølve.

Korleis bryggar ein så eddik? Jo, det er eit langtidsprosjekt som inneber to ulike fermenteringsprosessar og påfølgjande lagring av sluttproduktet. Først blir bær, frukt og eventuelle urter gjæra, nokon gonger saman med honning og vatn. Sukkerinnhald på dette stadiet bestemmer kor mykje syre som blir utvikla i eddiken tilslutt, så her er det viktig med nøye måling og overvåking undervegs. Neste ledd i prosessen inneber fermentering ved hjelp av eddikbakteriar, som omdannar alkoholen frå gjæringa til eddiksyre. Me har valt å bruke årtusengamle metodar som tar lang tid, men som gjer at aromaer og smakar får utvikle seg langsomt slik at dei blir fyldige og komplekse. Så skal eddiken få kvile og modnast ytterligare. Heile prosessen tar mange månader, i dei fleste tilfelle opp mot eit år. Sluttproduktet er heilt unikt, ein essens av nokre av dei beste råvarene vestlandet har å by på.

Handverkseddik frå Dalahagen er svært haldbar, men bør oppbevarast mørkt. Når flaska er opna vil eddiken utsetjast for luft, noko som over tid kan endre smak og farge. Difor seier me at flaska bør brukast innan eit år etter opning. Eddiken inneheld levande bakteriekultur, noko som gjer at det kan danne seg bunnfall og “skyar” i flaska. Dette er ikkje farlig, men kan silast vekk om du føretrekk det. Ved oppbevaring i kjøleskap vil ein få mindre av dette.

Foreløpig er produksjonen liten, og 2024-årgangen er så godt som utseld. 2025-årgangen vil bli klar utpå hausten 2026, då vil det bli mogleg å kjøpe her på nettsida. I mellomtida kan du gjerne følge med på instagram for oppdateringar undervegs! du finn også tips til bruk og oppskrifter der.