Bryllupsblomar

Bryllupsblomar

Går du med gifteplaner? Er du opptatt av bærekraft? Likar du ein litt vilter og naturleg stil? Då er kanskje Dalahagen noko for deg. Eg kan tilby blomar i ulike variantar, enten du vil ha full pakke eller du vil kjøpe blomar som du kan setje saman sjølv. Kikk på bilda under for å sjå kva eg har gjort før, les litt om ulike prisar nederst på sida og ta gjerne kontakt for meir info! Foto øverst: Inger Paulsen




Døme på prisar:

Brudebukett: frå 1500,- til 2500,-
Knapphullsblomst: 200,-
Hårkrans til voksen: frå 500,- til 800,-
Hårkrans til barn: frå 300,- til 500,-
Borddekor: vil variere etter storleik og mengde, det kan vere småvaser med lave blomar eller meir formelle oppsatser.

Det er også mulig å kjøpe blomar i bøtte slik at du sjølv kan lage dekorasjonar slik du vil. Ei slik bøtte vil innehalde variert materiale etter sesong, både blomar, fyllblomar og pyntegrønt. Ei bøtte kostar 1200,- og innheld minst 70 stilkar av ulikt slag. Du kan sjølvsagt kome med ønske om spesielle blomar og/eller fargar, så plukkar eg inn det som passar med ønska. Under ser du kva innhald ei slik bøtte kan ha.